Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Sonya Kovalevskaya møter du på side 42 i Tetra 9
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Sonya Kovalevskaya møter du på side 42 i Tetra 9


Sofya Korvin-Krukoskaya (1850 – 1891) blei fødd i Moskva. Ho hadde kallenamnet Sonya og fekk namnet Kovalevskaya då ho gifta seg med Vladimir Kovalevsky.

Far til Sonya var general og ho voks opp på ein herregard på den russiske landsbygda. Det blir fortalt at ho alt i sjuårsalderen blei fascinert av alle dei matematiske formlane som fanst på veggene i rommet hennar. Familien hadde ikkje fått tak i nok tapet til alle romma og hadde difor dekt veggene i rommet til Sonya med papir med notat frå matematikkstudiane til faren.

Jenter fekk ikkje studere ved russiske universitet og kunne heller ikkje reise utanlands åleine. Men ei gift kvinen kunne følgje med mannen sin. Difor gifta Sonya seg då ho var 18, og ekteparet reiste til Europa for å studere. Etter nokre år hadde Sonya doktorgrad i matematikk. I 1882 blei ho professor ved høgskolen i Stockholm, den første kvinna i Europa med ei slik stilling.

Kovalevskaya skreiv òg skodespel og romanar. I eit brev (1890) skreiv ho: ”Forfattarar må sjå det andre ikkje ser, må sjå djupare enn andre. Det må matematikarar òg.”

Vinteren 1891 døydde ho av lungebetennelse i Stockholm, berre 41 år gammal.

Du kan lese meir om Kovalevskaya på desse engelskspråklege nettsidene:
http://scienceworld.wolfram.com/biography/Kovalevskaya.html
http://www-history.mcs.st-andrews.ac.uk/Mathematicians/Kovalevskaya.html
http://womenshistory.about.com/library/bio/blbio_kovalevskaya.htm
« Attende