Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Karl Friedrich Gauss møter du på side 45 i Tetra 9
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Karl Friedrich Gauss møter du på side 45 i Tetra 9

Den tyske matematikaren og vitskapsmannen Carl Friedrich Gauss (1777 – 1855) blir rekna som ein av dei matematikarane som har hatt mest å seie i historia. Som vitskapsmann jobba han med magnetisme, astronomi og optikk. Han starta virket sitt tidleg og skreiv ferdig hovudverket sitt då han var 21 år gammal.

Då han var 9 år, fekk han og dei andre i klassen i oppgåve å addere tala 1 – 100. Etter berre nokre få sekund hadde vesle Gauss løyst oppgåva. Han hadde ikkje addert eitt og eitt tal, men funne ein lur metode. Gauss forsto at parvis addisjon frå kvar side av lista med tal gir like summar: 1 + 100 = 101, 2 + 99 = 101, 3 + 98 = 101, og så vidare. Det er 50 slike talpar: 50 x 101 = 5050.




Du kan lese meir om Gauss på desse engelskspråklege sidene:
http://math.about.com/cs/mathematicians/a/gauss.htm
http://scienceworld.wolfram.com/biography/Gauss.html
http://www.gap-system.org/~history/Mathematicians/Gauss.html
« Attende