Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  René Descartes møter du på side 51 i Tetra 9
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

René Descartes møter du på side 51 i Tetra 9


Den kjende franske filosofen og matematikaren René Descartes (1596 – 1650) var den første som brukte bokstavar ved løysing av likningar. På tida hans byrja ein å kalla ukjende tal x, y eller z. Descartes brukte algebra til å beskrive geometrien, både to- og tredimensjonale figurar.

Han blir rekna for å vere grunnleggjaren av den moderne filosofien og er mest kjend for setninga Cogito, ergo sum, eller ”Eg tenkjer, altså er eg”.

Hausten 1649 blei han kalla til Sverige for å vere lærar og rådgivar for dronning Kristina, som då var 23 år. Timane hos dronninga begynte kl. 5 kvar morgon. Descartes hadde ikkje helse til det kjølige vinterklimaet. Han fekk lungebetennelse og døydde alt i februar 1650.

Du kan lese meir om Descartes på denne engelskspråklege nettsida:
http://www-history.mcs.st-andrews.ac.uk/Mathematicians/Descartes.html
« Attende