Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Zenon møter du på side 198 i Tetra 8
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Zenon møter du på side 198 i Tetra 8

Filosofen Zenon (494–435 f.Kr.) var elev av Armenides og høyrde til den eleatiske skolen. Han var kjend for å formulere paradoks. Eit paradoks er ei utsegn som høyrest ut som ei sjølvmotseiing.

Eit av paradoksa til Zenon handlar om Akilles og skjelpadda. Helten Akilles og skjelpadda skal springe om kapp. Skjelpadda startar med eit forsprang. Zenon påstår då at Akilles aldri vil nå att skjelpadda, for når Akilles har kome til den staden skjelpadda var då han starta, er skjelpadda komen eit stykke lenger, så når Akilles er komen dit, er skjelpadda komen endå eit stykke lenger, og så vidare i det uendelege.
« Attende