Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Ramanujan møter du på side 83 i Tetra 8
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Ramanujan møter du på side 83 i Tetra 8

Srinivasa Aiyangar Ramanujan (1887-1920) var ein sjølvlært og svært gåverik indisk matematikar. Ramanujan var fattig og hadde problem med å få seg ei matematisk utdanning. Han starta brevveksling med den kjende engelske matematikaren G.H. Hardy og sende han utdrag frå arbeida sine. Hardy blei veldig imponert. Han svara slik på brevet:

I was exceedingly interested by your letter and by the theorems which you state. You will however understand that, before I can judge properly of the value of what you have done, it is essential that I should see proofs of some of your assertions. Your results seem to me to fall into roughly three classes:
(1) there are a number of results that are already known, or easily deducible from known theorems;
(2) there are results which, so far as I know, are new and interesting, but interesting rather from their curiosity and apparent difficulty than their importance;
(3) there are results which appear to be new and important ...

I 1914 drog Ramanujan til England for å samarbeide med Hardy. Ramanujan var ortodoks hindu og brahman og difor vegetarianar. Han hadde problem med dietten i England og var mykje sjuk. Hardy skriv at Ramanujan hadde ei sterk lagnadstru og at han tok lite vare på seg sjølv. I 1919 returnerte Ramanujan til India og døyde året etter.

Ramanujan løyste, på sin eigen måte, mange matematiske problem som allereie var løyste av andre. Fordi han i stor grad var sjølvlært brukte han eigne metodar. Han arbeidde mellom anna med elliptiske funksjonar, talteori og primtal.

Du kan lese meir om Ramanujan på den engelskspråklege nettsida under:
http://www-history.mcs.st-andrews.ac.uk/history/Biographies/Ramanujan.html
« Attende