Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Pytagoras møter du på side 55 i Tetra 8 og på side 74 og 267 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Pytagoras møter du på side 55 i Tetra 8 og på side 74 og 267 i Tetra 10

Pytagoras (ca. 569-500 f.kr.) blei fødd på Øya Samos og grunnla ein skole på Kroton i det sørlege Italia i 539 f.kr. Pytagoras meinte at kvinner og menn var likeverdige innanfor vitskapen. Pytagorearane var opptekne av at matematisk forståing var naudsynt for å forstå filosofi, og at matematikken var nært knytt til musikk, dans, songar og andre estetiske kunstformer.

Pytagorearane hadde mange mystiske og nesten religiøse tankar rundt matematikk, dei til og med tilbad magiske tal! Dei meinte at ein kunne forklare alt ved hjelp av tal, og at ulike tal hadde ulike eigenskapar. Til dømes såg dei på talet 1 som det heilage grunntalet. Av dette talet blei alle dei andre tala fødde.

Alle partal var kvinnelege, medan oddetala var mannlege. Dei meinte også at sfæren (overflata til ei kule) var den mest perfekte forma, og av den grunn måtte planetane gå i sfæriske banar. Vi veit no at det ikkje er heilt korrekt.
Då Pytagoras døydde var det kona hans Teano og to av døtrene som dreiv skolen vidare.

I dag tenkjer vi først og fremst på namnet Pytagoras i samband med den pytagoreiske læresetninga: I ein rettvinkla trekant er kvadratet på hypotenusen lik summen av kvadrata på kvar av katetane.

I denne artikkelen frå tidsskriftet Tangenten finn du ein gjennomgang av den pytagoreiske læresetninga. Denne læresetninga tek vi for oss i Tetra 10.
http://caspar.no/tangenten/2002/pytagoras.html

På den engelskspråklege nettsida under kan du lese meir om Pytagoras.
http://en.wikipedia.org/wiki/Pytagoras
« Attende