Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Mandelbrot møter du på side 195 i Tetra 8
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Mandelbrot møter du på side 195 i Tetra 8

Benoît Mandelbrot blei fødd i Warzawa i Polen i 1924 i ein litauisk-jødisk familie. I 1936 flykta familen til Frankrike. Ungdomstida i Frankrike var sterkt prega av andre verdskrigen og jødeforfølginga til tyskarane.

Mandelbrot emigrerte permanent til USA i 1958, og i mange år var han forskar knytt til IBM. No er han professor ved Yale University. Mandelbrot er ein kreativ og utforskande matematikar, kjend for sitt engasjement innanfor fraktalgeometrien, der mandelbrotmengda er eit sentralt omgrep.

På Wikipedia kan du lese meir om Mandelbrot og sjå korleis mandelbrotmengda ser ut.

http://no.wikipedia.org/wiki/Mandelbrot


« Attende