Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Arkhimedes møter du på side 131 i Tetra 8, på side 76 i Tetra 9 og på side 227 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Arkhimedes møter du på side 131 i Tetra 8, på side 76 i Tetra 9 og på side 227 i Tetra 10

Arkhimedes (ca 287-212 f.Kr) levde i Syrakus på Sicilia. Han var matematikar og fysikar. Arkhimedes har hatt mykje å seie for utviklinga av geometrien, mellom anna fann han formlane for volum og overflate av ei kule.

Han er også kjend for å ha funne lova for lekamars oppdrift i væske og han konstruerte mange oppfinningar, som for eksempel taljen. Arkhimedes var svært allsidig, og det vi kan kalle eit geni.

Han har også gått inn i historia fordi han sprang naken ut i gatene i Syrakus medan han ropte: «Eeureka!»(«Eg har funne det!»). Det skjedde etter at han hadde kome på løysinga av eit problem han hadde fått av kong Hieron.

Syrakus var ein gresk koloni og Arkhimedes blei drepen da romarane erobra området. Han blei stukken ned av ein romersk soldat medan han, etter det som blir fortalt, teikna matematiske figurar i sanden. Dei siste orda hans skal ha vore: «Trakk ikkje på sirklane mine!»
« Attende