Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Johannes Kepler møter du på side 236 i Tetra
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Johannes Kepler møter du på side 236 i Tetra

Johannes Kepler (1571 – 1630), tysk astronom, optikar og matematikar, var blant anna keisaren av Bøhmen og Ungarn sin personlege astronom frå 1601. Denne posisjonen gav Kepler tilgang til svært presise forskingsdata, som blant anna gjorde det mulig å formulere desse tre lovene om planetane sine røsler:

• Første lov: Planetane rører seg rundt sola i elliptiske baner, med sola i eitt av brennpunkta.
• Andre lov: Baneradiusane sveiper over like store flater på like lang tid.
• Tredje lov: Kvadratet av omløpstida er proporsjonal med tredje potens av ellipsens store halvakse. Dette kan presenterast slik: T2 = k • a3 der k er ein konstant.

Verdt å merke seg er det at Kepler i motsetnad til andre banebrytande planetekspertar som Corpernicus og Galilei, var protestant, ikkje katolikk. Han gjekk ikkje god for ideen om at Gud er i alt, men trudde derimot at det var snakk om ein andeleg himmel uavhengig av vårt materielle univers.

Les meir om Johannes Kepler på http://www.johanneskepler.com eller på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Kepler
« Attende