Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Pierre de Fermat møter du på side 209 og 211 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Pierre de Fermat møter du på side 209 og 211 i Tetra 10

Ein av fleire franskmenn som på 1600-talet var fascinert av primtal, var Pierre de Fermat (1601-1665). Han meinte at alle tal på forma 2b + 1 der b = 1, 2, 4, 8, 16 ... er primtal. Desse tala kallar vi Fermat-tal.

Han meinte òg at dersom eit tal n er større enn 2, har an + bn = cn inga løysing der a, b og c er heiltal. Denne påstanden vert kalla Fermats siste teorem.

Tal var eigentleg berre ein hobby for Fermat som var utdanna jurist, og blant anna arbeidde som parlamentsrådgivar for straffesaker i Toulouse. Likevel leverte han altså viktige bidrag til matematikken, og blir i tillegg til dei nemnde oppdagingane kreditert som ein av sannsyns-rekninga sine grunnleggjarar.

Fermat var ikkje særleg publiseringsvillig. Arbeida hans er først og fremst kjende gjennom brev og notat i bøker. Fermats siste teorem vart funne notert i margen i boka Aritmetika av den greske 200-tals matematikaren Diofantos frå Alexandria (ca.250 - ca.330). Der stod det òg at han kunne bevise påstanden, men at det var for liten plass i margen. I 1995 klarte matematikaren Andrew Wiles å rekne ut det plasskrevjande beviset.

Wikipedia om Fermat:

http://no.wikipedia.org/wiki/Pierre_de_Fermat


« Attende