Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Piet Hein møter du på side 126 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Piet Hein møter du på side 126 i Tetra 10

Dansken Piet Hein (1905-1996) er kjend under pseudonyma Kumbel Kumbell og Notorius Jubelco. Han var oppfinnar, forfattar og matematikar. Hein vaks opp i ein familie der kunst og kunnskap stod høgt i kurs, og han tok både matematikk-eksamen på Metropolitanskolen, var elev på den kongelege svenske kunsthøgskolen og studerte fysikk ved universitetet i København.

I tillegg til dei skjønnlitterære bøkene sine er Hein kjent for spelet Hex som han lagde parallelt med amerikanaren John Nash, utan at dei to visste om kvarandre. Han er også mannen bak ulike geometriske figurar, blant anna superellipsen, superellipsoiden og superegget.

For meir informasjon, sjå den offisielle heimsida http://www.piethein.dk og denne danskspråklege artikkelen om superellipsen: http://www.matematiksider.dk/piethein.html
« Attende