Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Thales frå Milet møter du på side 111 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Thales frå Milet møter du på side 111 i Tetra 10

Universet er bygd opp av vatn, meinte den greske filosofen Thales frå Milet (ca.624-546 f.Kr). Korleis han kom fram til denne konklusjonen, veit vi ikkje. I det heile er det ein del som er uklart omkring han som vert rekna for viktskapen sin far. Det fins nemleg ingen tekstar etter han. Allereie nokre hundre år etter, på Aristoteles si tid, fanst det berre andrehandskjelder.

Noko veit vi likevel. Ei anekdote fortel at Thales imponerte egyptarane ved å rekne ut høgda av Keopspyramiden. Vi veit òg at han meinte jorda var ei flat, flytande skive, og at han korrekt rekna ut ein kommande solformørking 28. mai år 585 f.Kr.

På denne engelskspråklege sida finn du utfyllande informasjon om Thales:
http://www.iep.utm.edu/t/thales.htm
« Attende