Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  John Charles Fields og Fieldsmeldaljen møter du på side 43 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

John Charles Fields og Fieldsmeldaljen møter du på side 43 i Tetra 10

Kvart fjerde år deler den internasjonale matematikkorganisasjonen, International Mathematical Union, ut Fieldsmedaljen til gode matematikarar under 40 år. Utmerkinga har fått namnet sitt frå den kanadiske matematikaren John Charles Fields (1863-1932). Fields arbeidde i løpet av livet ved universitet både i heimlandet og i Europa. I tillegg til å vere mannen bak det som vert kalla ”den matematiske nobelprisen”, er han kjend for ei rekkje publikasjonar om algebraiske funksjonar.

http://www.fields.utoronto.ca/aboutus/jcfields/ er ei engelskspråkleg side for den som vil vite meir om John C. Fields.

På same domene fins òg informasjon om medaljen: http://www.fields.utoronto.ca/aboutus/jcfields/fields_medal.html

I den norske versjonen av Wikipedia finn du ei liste over matematikarar som har fått denne utmerkinga: http://no.wikipedia.org/wiki/Fieldsmedaljen
« Attende