Du er her: Hovudsida  >  Ressursar  >  Portrett  >  Lorenzo Romano Amedeo Carlo Avogadro møter du på side 39 i Tetra 10
  I denne menyen finn du ressursar på tvers av hovudområda i faget. Oppgåver og meir stoff finn du ved å klikke deg inn på dei matematiske hovudområda.  
  Til læraren
 
Ressursar
 
Kunnskapsløftet
 
 

Lorenzo Romano Amedeo Carlo Avogadro møter du på side 39 i Tetra 10

Amedeo Avogadro (1776-1856) levde i Italia. Frå 1809 var han professor i fysikk ved det kongelege College i Vercelli. Han er kjend for Avogadro si lov, som påstår at alle gassar i like store volum, under samme temperatur og trykk, har like mange molekyl.
Avogadro er også kjent for å ha kome fram til talet 6,022045 ∙ 10²³, som er talet på molekyl i eit mol (grunneining for stoffmengd) av eit stoff.

Andre vitskapsmenn såg ikkje nytten av kunnskapane Avogadro sat med før etter at han var død. Då oppdaga fysikaren Stanislao Cannizzaro korleis innhaldet i Avogadro sine idéar var eit hjelpemiddel når ein skulle finne oppbygginga til eit molekyl. Sjølv hadde Avogadro sett den praktiske nytten, og konkludert med at hydrogen og oksygen er molekyl som består av to atom (H2 og O2), og gav vatn formelen H2O.

For meir utfyllande informasjon om Avogadro, sjå den engelskspråklege sida http://en.wikipedia.org/wiki/Amedeo_Avogadro
« Attende